ALV collage

  • Hjem
  • Aktuelt
  • ALV Møre og Romsdal utvidar gjennom partnarskap!

ALV Møre og Romsdal utvidar gjennom partnarskap!

ALV logo komplett MR luftrundtPartnarskapet vert bygd stegvis, der fyrste steg var utsending av tilbod om partnarskap til kommunane knytt til Sunnmøre regionråd, hausten 2015.

 

 

 

 

 

Under føresetnad av at interessa frå desse kommunane er stor nok til å sikre vidare drift, vil neste steg bli utsending av tilbod om partnarskap til kommunane knytt til Romsdal regionråd og Nordmøre regionråd i løpet av 2016.        

 

Frå ALV-Møre til ALV-Møre og Romsdal

Ålesund kommune og Høgskolen i Ålesund gjekk i 2013 inn i eit samarbeidsprosjekt kalla ALV Møre, delfinansiert gjennom midlar frå fylkesmannen.  ALV-Møre  (Arena for Læring om Velfersteknologi) var eit resultat av behov ein erfarte gjennom lokale prosjekt om velferdsteknologi, starta under Det midtnorske velferdsteknologiprosjektet i 2011. Her var Møre og Romsdal representert med 3 prosjekt. Eit i Kristiansund kommune og to køyrt i samarbeid mellom kommunane Herøy, Ulstein, Vanylven, Ørskog og Ålesund. Prosjekta synleggjorde behov for å bygge tverrfagleg kompetanse i arbeidet med velferdsteknologi.

Ved oppstart tok ALV-Møre utgangspunkt i ein plan om å bygge ei felles demonstrasjonsleilegheit ved Høgskolen i Ålesund gjennom tverrfagleg samhandling. Med i arbeidet var representantar frå høgskolen sine fakultet for tekniske fag og helsefag, representantar frå kommunen si helseteneste, IKT-avdeling og Ålesund kommunale eiendom, samt Utviklingssenter for heimetenester og Omsorgsforskning Midt-Norge, brukarrepresentant, representant frå tilsette og leiinga både ved høgskolen og i Ålesund kommune. Ein hadde og nær kontakt med leverandørar av utstyr, og med NAV hjelpemiddelsentralen. Dette utvikla seg vidare til ein tverrfagleg arena for læring om velferdsteknologi. Sidan oppstarten har ALV-Møre etablert demonstrasjonsleilegheita, drifta og/eller samarbeida tett med prosjekt innan bl.a. GPS-sporing, spelteknologi i velferdstenestene, bruk av Skype i sjukeheim, systematisk innføring av velferdsteknologi i tenestene til mennesker med utviklingshemming og bruk av videokommunikasjon i kvardagsrehabilitering. ALV-Møre har også vore delaktige i produksjon av ulike publikasjonar, erfaringsnotat, kronikkar og rapportar, bidratt som fagpersonar inn i Læringsnettverk for velferdsteknologi, vore involvert i prosessar knytt til tryggleikspakkar (utvida tryggleiksalarm) og pasientvarslingsanlegg, samt arrangert større og mindre seminar og konferansar.

Dei opphavlege partane er samde om at det er formålstenleg å utvikle partnarskapet vidare ved at alle kommunane i fylket inviterast inn. Dette er basert på ein tanke om atsamarbeid om tenesteutvikling og implementering av velferdsteknologi, mellom kommunane og andre aktørar i Møre og Romsdal, gir høgast nytteverdi i vår region. Som eit ledd i dette vedtok styringsgruppa i juni 2015 å endre namnet frå ALV-Møre til ALV-Møre og Romsdal.

Samarbeidsforum for velferdsteknologi i Møre og Romsdal

Fylkesmannen tok i vår initiativ til eit møte der ulike partar drøfta om det var muleg å samordne arbeidet i fylket. Dei som var invitert til dette møtet var representantar frå Fylkesmannen, KS, SR, ROR, Orkidé, Utviklingssenter for heimetenester og sjukeheim i Møre og Romsdal, KomUT og ALV-Møre  og Romsdal.

På møtet var det semje om at heile Møre og Romsdal må jobbe saman om velferdsteknologi, og det vart bestemt å sette ned eit samarbeidsforum som representerer aktørane for velferdsteknologi i fylket. Samarbeidsforumet har som hovudoppgåve å kartlegge arbeid med velferdsteknologi i fylket, og bidra til å koordinere dette der det er muleg. Forumet, med representantar frå Fylkesmannen, KomUT og utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester, har uttalt at det er viktig å nytte alle etablerte arenaer i det vidare arbeidet i fylket, og at det difor er ønskjeleg at ALV Møre og Romsdal blir ein kompetanse- og læringsarena for heile fylket.

Som ein del av denne prosessen har ALV-Møre og Romsdal samarbeida med aktørane i samarbeidsforumet om ei spørjeundersøking for å få innsikt i behova kommunane i Møre og Romsdal har for bistand i arbeidet med å ta i bruk velferdsteknologi.

Organisering og innhald

ALV-Møre og Romsdal vil frå 2016 vere organisert med eit styre, samansett av representantar frå dei opphavlege partnarane, representantar for nye partnarkommunar, brukarrepresentantar og ansattrepresentant. Styret er ansvarleg for at eiga organisering vert endra i tråd med samansetjinga av partnarskapskommunar. ALV-Møre og Romsdal skal ha tilsett ein prosjektleiar, og vidare vurdere personalressursar etter behov og økonomi.

ALV-Møre og Romsdal skal medverke til etablering av ulike arenaer der partnarane kan dele erfaringar, tileigne seg ny kunnskap og få rettleiing relatert til tenesteinnovasjon, utprøving og implementering av velferdsteknologi. Ein kan skissere hovudområda for aktivitet slik:

innhald alv

 

Dei fire hovudområda vil vere gjensidig avhengig av kvarandre, basert på ein kontinuerleg straum av erfaringsdeling og kunnskapsbygging i og mellom desse.

Læringsarenaene kan vere ulike kompetanseutviklingstiltak som bl.a. nettverksgrupper, seminar/konferansar, undervisning og bruk av dei eksisterande arenaene www.alv-moreogromsdal og demonstrasjonsleilegheita.  I tillegg til dei ulike arenaer skal ALV-Møre og Romsdal vere ein ressurs for partnarane i forbindelse med tenesteutvikling, implementering og nye prosjekt.

ALV-Møre og Romsdal har erfart at ein gjennom prosjekt kan få løfta opp ulike problemstillingar det er behov for å sjå nærare på i lag med fleire, og at samhandling med akademia og forsking (førebels gjennom Høgskolen i Ålesund, Høgskolen i Molde og Høgskolen i Sør-Trøndelag) kan bidra til betre løysingar.  Følgeforsking dokumenterer prosess og resultat som lettar overføringa av erfaringar til nye verksemder og/eller kommunar. Dette vil vere eit viktig grunnlag for å gode faglege, økonomiske og strategiske prioriteringar.

Som i alle organisasjonar må det gjerast prioriteringar i val av aktivitetar. I ALV-Møre og Romsdal skal desse prioriteringane ta utgangspunkt i partane sine ønskjer og behov relatert til velferdsteknologi. På denne måten vil ein auke sannsynlegheita for fokus på problemstillingar som er aktuelle til ei kvar tid, og at alle partar får best mogleg utbytte av partnarskapet. ALV-Møre og Romsdal er kjent med at overgang til digital tryggleiksalarm og mottakssentral, samt anskaffelse av pasientvarslingssystem er aktuelt for fleire kommunar, og har fokus på dette no.

Det er ønskjeleg å ha god brukarrepresentasjon og brukarmedverknad i all aktivitet i ALV-Møre og Romsdal. Det har frå starten av vore brukarrepresentant i styringsgruppa, og stort fokus på brukarmedverknad i ulike prosjekt. Dette vil bli vidareført.

Tilbakemeldingar så langt

ALV-Møre og Romsdal opplever at det er etterspurnad etter kompetansen som er opparbeidd, og har fått tilbakemeldingar som peikar på at ein gjennom ALV-Møre og Romsdal har fått tilgang på nettverk og kunnskap som bidrar til at ressurspersonar vågar meir og står tryggare i lokale prosessar og i møte med leverandørar.

Frå leverandørmarkedet peikar tilbakemeldingar på fordelane ved å ha ein fast plass å henvende seg for å nå mange, og stadig fleire firma tek kontakt med ønskje om å presentere sine produkt. Dersom kommunane vil ha produkt som treff behova hjå brukar, pårørande og tenestane så må behov tydeleggjerast, og det må stillast krav til leverandørane. ALV-Møre og Romsdal skal vere «leverandørnøytral», men har mål om å ha kjennskap til produkta sine fordelar og ulemper og gi klare tilbakemeldingar på kva ein ser som forbetringspotensiale. Dette skjer på bakgrunn av uttesting i leilegheita, samt tett dialog med tilknytte prosjekt. ALV-Møre og Romsdal har og fått konkrete spørsmål rundt idear om nye produkt og blitt bedt om å gi råd i vidareutvikling av eksisterande produkt.

Det er og spanande tider no når Høgskolen i Ålesund går inn under NTNU. ALV-Møre og Romsdal har fått tilbakemeldingar på verdien av det unike samarbeidet mellom praksis og akademia, og korleis dette bidrar til å sikre kvalitet og kompetansespreiing. Spesielt får vi gode tilbakemeldingar på samarbeidet mellom akademia og praksis.

Ta kontakt

Dersom det er interesse for meir informasjon om ALV-Møre og Romsdal, eller De har innspel til innhald og planar ta kontakt med prosjektleiar Tone Kiperberg Kirkhorn.

/ 41 90 29 20