ALV collage

Ny leiar er tilsett!

Cecilie nordic EdgeDet er med stor glede vi kan informere om at Cecilie Campbell har takka ja til stillinga som ny leiar i ALV Møre og Romsdal!

Cecilie er utdanna sosionom, med vidareutdanning innan markedsføring, administrasjon og leiing, prosjektleiing, og innovasjon og tenestedesign. Ho har 11 års leiarerfaring innan kommunal sektor og har sidan 2013 jobba som fagutviklar innan tenester for mennesker med utviklingshemming. I sistnemnte stilling har ho initiert og vore prosjektleiar for Jeg kan!-prosjektet i Ålesund kommune.

"Jeg kan!" er eit prosjekt retta mot innføring av velferdsteknologi i tenesta for menneske med utviklingshemming. Prosjektet har vunne omsorgsprisen i Møre og Romsdal og innovasjonsprisen i Ålesund. I tillegg til grunnprosjektet omfattar Jeg kan! eit eige forskingsprosjekt som er støtta av RFF, 1 utviklingsprosjekt samt 3 OFU prosjekt, delfinanisert av Innovasjon Norge, der ein jobbar tett med næringslivet og grundere for best mulig brukergrensesnitt på løysinngar som kan dekke behov.

Cecilie har vore ein aktiv og engasjert del av nettverket i ALV, heilt frå vi starta som prosjekt i 2013. Ho kjenner organisasjonen godt, har bidrege i utviklinga og delt villig av sine erfaringar frå Jeg kan! på ulike arrangement og gjennom artiklar på nettsida til ALV m.m.. Ho har og jobba tett med Utviklingssenteret for sykehjem og hjemmetjenester, samt hatt godt samarbeid med forskningsingsinstitusjonane i fylket. 

Cecilie har eit brennande engasjement for samskaping, eit sterkt fokus på behovsdriven innovasjon og går gjerne nye vegar for å bygge kunnskap, engasjement og nettverk mellom brukar, kommune, akademia, næringsliv og samfunn. 

Cecilie startar for fullt i stillinga 1.november, og vil då fullføre tilsetjinga av ein ny person i stillinga for rådgjevar/prosjektleiar.

Velkommen Cecilie!

 Bildet viser Cecilie i aksjon under Nordic Edgar Expo i Stavanger, 2016.