ALV collage

Julebrev 2016

Julehelsing 2016
ALV Møre og Romsdal har vore i ordinær drift i eit år!

Dette fyrste året som partnarskap har vore eit veldig kjekt, spennande, utfordrande og lærerikt år. Vi er i gang med oppsummeringa av året og planlegging av aktivitetar i 2017. Her er eit lite innblikk i aktivitetar frå 2.halvår i 2016:

Arena for læring om smarte offentlige anskaffelser

Læringsnettverket leia fram til at 12 kommunar starta felles prosess for innovativ anskaffelse av heilheitlege velferdsteknologiske løysingar. ALV arrangerte, i samarbeid med kommunane og Innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre, i den samanheng ei dialogkonferanse 13.september. Innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre og ROR-innkjøp leiar no arbeidet vidare, og fyrste del av anskaffelsen omfattar ein rammeavtale for pasientvarslingsanlegg, felles for 14 kommunar.

Nye partnarkommunar, juli

Det vart sendt ut tilbod om partnarskap til kommunane i Romsdal og på Nordmøre på vårparten. Dette resulterte i at Rauma kommune, Aukra kommune og Vestnes kommune kom inn frå 1.juli. Vi er veldig glad for å ha dei med på laget, med sine spanande prosjekt og dyktige folk! Samla omfattar no partnarskapet NTNU i Ålesund og 16 kommunar.

Tilsetjing av Bjarne Pareliussen, august.

Vi har utvida med ei 50% midlartidig stilling. Stillinga skal bidra til å organisere testing av teknologi og bygge nettverk i hovudsak innan tryggleiksteknologi. Vi er heldige som har fått med oss Bjarne Pareliussen på laget, ikkje minst med tanke på den tekniske kompetansen han bidrar med.

ALV-brukargruppe, etablert 6.september

I denne gruppa samlast råd og organisasjonar for ulike brukargrupper i Møre og Romsdal. Vi samlast 3 gongar i året med mål om å:

  • Samle brukarkompetanse frå ulike råd og organisasjonar
  • Vere ein sparringspartnar i ALV sitt arbeid for å bygge og dele kunnskap om velferdsteknologi
  • Vere ein arena for innspel relatert til behov og aktuelle prosjekt
  • Bidra til direkte brukarinnvolvering i ulike forskings- og utviklingsprosjekt gjennom samarbeid med ressurspersonar

Innovasjonsseminar 17. november

Seminaret ble arrangert i samarbeid med Fylkesmannen og Utviklingssenter for hjemmetjeneste og sykehjem i Møre og Romsdal. Les meir her, på Utviklingssenteret sin blogg. 

Tenesteinnovasjon med bruk av sensorvarsling med tilknytt bilde/video.

ALV har fått Kompetanse og innovasjonsmidlar frå Fylkesmannen til dette prosjektet. I Ulstein kommune rettar vi oss mot personar med ei utviklingshemming, i Ålesund kommune mot bebuarar på institusjon og vi planlegg oppstart i ei tredje  kommune retta mot heimebuande. Kontaktperson i ALV er Bjarne Pareliussen.

Lærings- og velferdsteknologi for elevar med Asperger og Tourettes syndrom

Ulstein kommune har, på vegne av ALV fått innvilga VRI midlar til å starte dette prosjektet i samarbeid med Møreforsking Volda, Autismeforeningen avd. Møre og Romsdal, Norsk Tourettesforening, Høgskulen i Volda, Ulstein Vidaregåande skule, Sunnmøre Folkehøgskule, Møreforsking Molde AS. Målsetjinga er å sjå korleis (spel)teknologien kan nyttast av og for målgruppa. Kontaktperson i ALV er Tone Kirkhorn.

Nordic Edge Expo

I saman med Utviklingssenteret for hjemmetjenester (UHT), NTNU og Ålesund kommune deltok ALV med stand på Nordic Edge Expo i Stavanger. Deltakinga her var svært nyttig både for nettverk mot ulike aktørar og omdømebygging!

Nettverk

Samarbeidet med ressurspersonar som har vore involvert i ALV frå starten av, frå UHT, NTNU og Ålesund kommune, av har vore svært viktig gjennom heile året. Samtidig har nettverket knytt til ALV blitt utvida gjennom ressurspersonar hjå ulike partnarar, brukarråd-/organisasjonar, næringsliv mm. Dette gir oss spennande mulegheiter framover!

Diverse innlegg/foredrag/møter

Vi har i løpet av året blitt invitert til ulike arrangement for å presentere ALV og informere om velferdsteknologi. I desse samanhengane har det vore viktig for oss å understreke verdien av samskaping i møtepunkt mellom ulike samfunnsaktørar.

 

Vi vil takke alle aktive i nettverket rundt ALV for innsatsen, og ønskjer dykk alle ei god jul og eit godt nytt år!