ALV collage

  • Hjem
  • Aktuelt
  • Kommunikasjon mellom brukar, hjelpar og pårørande.

Kommunikasjon mellom brukar, hjelpar og pårørande.

IMG 9299

Praksis, akademia og leverandørar i dialog!

Behov, nytte og utfordringar ved bruk av ulike kommunikasjonsplattformer var tema under dagens seminar for kunnskaps- og erfaringsutveksling mellom leverandører, praksis og akademia.

Dei 30 deltkarane frå bl.a. 7 kommuner vekk høyre bidrag frå leverandørane Jodacare, MinMemoria, Abilia og Atea, frå praksis ved Ålesund kommune og Utviklingssenter for hjemmetjenester og frå akademia ved NTNU og Senter for omsorgsforskning Midt-Norge. 

På bildet over ser vi Hans Georg Schaatun (professor datafag, NTNU), Martin Andreassen (Atea), Kristil Erla Håland og Elin Sunde Wilberg (Jodacare), Johanne Viksaas og Elise Tinnan Gjelseth (MinMemoria), Brit Krøvel (Utviklingssenter for hjemmetjenester) og Rigmor Einang Alnes (NTNU/Senter for omsorgsforskning Midt-Norge). Abilia sine representantar Marianne Hestvik og  Sigmund Lundby måtte dessverre reise før vi tok bildet.

Deltakarane fekk informasjon om produkt frå leverandørane, erfaringar frå prosjekt relatert til kommunikasjon i Ålesund kommune;

  • Skype i sykehjem – mellom bebuar og pårørande
  • Jeg kan! – velferdsteknologi til mennesker med ei utviklingshemming.
  • Videokommunikasjons i hverdagsrehabilitering – mellom ergo/fysio og heimetrenar.

Presentasjonane vart følgt opp med eit kåseri retta mot informasjonssikkerheit ved Schaatun, før vi i fellesskap drøfta rundt behov, nytte og utfordringar.

ALV skal initiere og støtte prosjekt i partnarskapskommunane, og dette seminaret er eit av fleire initiativ for å bidra til kunnskap om mulegheitene som ligg i velferdsteknologi, til «spin off» for eksisterande prosjekt og ikkje minst for å formidle kva ALV-nettverket kan bety for personar som ønskjer å starte prosjekt og for leverandørar.

Prosjekt i partnarskapskommunane blir knyt inn mot ALV som satellittar, og nettverket bidrar med kunnskap og ikkje minst å løfte opp utfordringar i eit større tverrfagleg forum for å utvikle kunnskap – gjennom samhandling mellom brukar, kommune, akademia, næringsliv og andre aktuelle samfunnsaktørar.

Gjennom dette seminaret, ønskjer vi spesifikt å initiere prosjekt som kan bidra til relevante erfaringar for ein større forskingssøknad på temaet. NTNU og Senter for omsorgsforsking midt-norge, ved Rigmor Einang Alne,s er hovudkontakt for dette arbeidet.

Stikkord frå dagen:

  • Verdien av kontakt via bilder
  • Bilde som tema for samtale
  • Formidling av ikkje sensitiv informasjon
  • Bekymringsdempande
  • Pårørande som ressurs
  • Tryggleik, meistring og sjølvstende
  • "Ta sjansen på at det kan gå galt - men også veldig bra!"
  • Vidareutvikling og skalering
  • Formidling av behov til leverandørar, samarbeid
  • Videokommunikasjon
  • Netttilgang og kapasitet
  • Support
  • Kryptering, personvern
  • "Vi vet ikke hva brukeren har å verne om"

Tilbakemeldingane ved avslutning var positive, og tilsvarande arrangement kjem20160414 143343 001.

Dersom nokon har andre tema det er ønskjeleg å fronte/drøfte i ein slik tverrfagleg setting, så ta kontakt via