ALV collage

No Skypes det på Hatlane omsorgssenter!

Endeleg kan bebuarane  og deira pårørande på Hatlane omsorgssenter nytte Skype når dei vil snakke saman. Det som er ei sjølvfølgje for folk flest har vore ei tolmods prøve for Skypearane på sjukeheimen.

  Læring og samhandling

Skype prosjektet på Hatlane omsorgssenter er del av ei masteroppgåve som Brit Krøvel i Utviklingssenteret for heimetenester i Møre og Romsdal jobbar med, og ein del av ALV-møre. Utfordringane ein har møtt på er eit typiske for dei fleste velferdsteknologiske utprøvingsprosjekta.

  • utfordringar med internett
  • utfordringar med teknologien
  • bygg utfordringar
  • tid i ein travel kvardag
  • ta brukarane sine behov på alvor

Desse utfordringane har blitt løyst med brei samhandling mellom fagpersonar frå IT, helse og bygg i Ålesund kommune. I tillegg har akademikarar innan dei same faga ved Høgskulen i Ålesund kopla kommunens erfaringskunnskap saman med akademisk kunnskap, og det har oppstått læring og kompetanse på tvers av fag og miljø.

Tolmodige bebuarar, pårørande og fagpersonale 

Det hadde ikkje vore mogeleg å gjennomføre dette prosjektet utan pådrivarar blant personalet på omsorgssenteret og bebuarar og pårørande som har stilt opp og latt seg intervjue og delt både sorger og gleder. Belønninga er rørande historier, livskvalitet og glede!